Festival
Pilt-Ola festival 2025
Som i 2024 så blir spelet ved den gamle Preikestolhytta.
Nytt av året er at me denne gongen utvidar til ein Pilt-Olafestival med oppstart kl 12 slik at publikum kan nyta det fine området i forkant.
Program: Kl12-ca14:Minimarked med salg og demonstrasjon av diverse handverksprodukt frå lokale aktørar.
Preikestolen BaseCamp selger tradisjonsmat frå kl. 12(sjå lenka nederst på sida).
Nokre aktivitetar for store og små.
Dersom du vil ha deg ein tur i området, kan du ta deg ein tur rundt Refsvatnet i merka løype eller ein kortare tur til Rindatrollet eller Torsnes. Dei sprekaste har tid til ein tur til Preikestolen eller Skåpknuten.
Kl 12-14: Tora-Liv Thorsen fortel om livet til Pilt-Ola i fleire omgangar.
Kl. 14-14.30: Diverse underhaldning frå scenen.
Kl. 15.00-16.30: Pilt-Olaspelet(NB! Må kjøpa billett til dette!!)
Dei som kjøper billettar til spelet, får parkera gratis på parkeringsplassane i området. Tusen takk til Lysefjorden Utvikling!
Spelet føregår utandørs, og alle må kle seg etter veret, og ha med seg noko å sitta på. Sitteunderlag kan nyttast over alt, men det er og plass til eit avgrensa antal campingstolar nærmast scenen, og heilt oppe på framsida av bygget.
https://preikestolenbasecamp.com/hva-skjer/